Bilmekanikar for tunge køyretøy og stedfortreder til teknisk leiar, Telemark Storbilservice AS, Seljord
Telemark Storbilservice er ein leiande aktør innan service, vedlikehald og reparasjon av tunge køyretøy i Telemark-regionen. Som ein stolt Volmax-partner er me eit dedikert team av fagfolk som set kvalitet og kundetilfredsheit først.
Me søkjer no ein lojal og triveleg medarbeidar med fagbrev til 100% fast stilling som mekanikar, tunge køyretøy.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
- Utføre service, vedlikehald og reparasjon av tunge køyretøy
- Utføre periodisk køyretøykontroll (PKK)
- Ettermontering av utstyr
- Diagnostisere feil og utføre naudsynte reparasjonar
- Inngå i vaktordning på servicebil
- Bidra til å sikre at verkstaden opprettheld høg kvalitet og effektivitet
- Vere ein støtte for teknisk leiar og avløyse han ved behov
Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Fagbrev som bilmekanikar for tunge køyretøy, med minimum 4 års relevant praksis frå godkjend bilverkstad etter fagbrev
- Erfaring med service og reparasjon av tunge køyretøy
- Sertifikat kl. C, CE eller D, eller vere villig til å ta det
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- Generell god dataforståing
- Gode leiareigenskapar og evne til å vere stedfortreder for teknisk leiar
Om deg:
- Me søkjer deg som er sjølvstendig og ansvarsbevisst, har gode samarbeidsevner, er serviceinnstilt og evnar å arbeide strukturert og effektivt, også under press.
Me tilbyr:
- Ein spennande og utfordrande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø i eit selskap i vekst
- Topp moderne lokale i Seljord med dei beste fasilitetar for å kunne gje kundane god service
- Store utviklingsmoglegheiter både personleg og fagleg
- Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar, blant anna helseforsikring
For meir informasjon om stillinga, kan du kontakte ein av våre rådgjevarar i Skagerak Consulting: Geir Nordvold telefonnummer 938 28 100 eller Cathrine Svendsen, telefonnummer 926 06610.
For å unngå svindelforsøk, vil vi presisere at vi aldri ber om BankID-informasjon i søknadsprosessen.
Skagerak Consulting AS er ein unik, tverrfagleg rådgjevingsmiljø. Vi jobbar med å utvikle menneske og organisasjonar for å skape varige forbetringar og verdiar i offentlege og private verksemder. Vårt arbeid er basert på ein kombinasjon av dokumentert metodikk, praktisk erfaring og sunn fornuft.
Les meir om Skagerak Consulting AS her: www.skc.no